Terroir
Bigardene til dei aktuelle honningene ligg i kulturlandskap på Voss og Sotra.
På Voss er det truleg mest på hogstflater som det veks mest bringebær, men biene kan også ha trekt på kvitkløver i sauebeiter og hagar. ‘Sjølv om eg har prøvd å sortere ut tavler med «gulare løvetannhonning» frå pollineringstida i Hardanger, kan honningen likevel ha innslag av det biene trekte på i frukthagar langs Hardangerfjorden.
På Sotra trekker biene på dei 3 lyngartene som veks der, Purpurlyng, Klokkelyng og Røsslyng. Men i år vart det truleg lite trekk på klokkelyngartene, då me hadde det så kjølig i første del av juli.