Birøkta mi starta 1974 då far min kjøpte 2 bifolk og over år utvida til 40-50 bifolk. Heilt til helsa hans svikta, var eg ein støttespela i drifta; dei siste 21 åra eineansvarleg. På grunn av jobb i Nordsjøen er drifta ein hobby for meg, med enkle velprøvde metodar og med brune bier. All handsaming av honningen er manuell, bortsett frå slynging og forsiktig finsiling i slyngesil.
Røsslyng-honning Gull i NM i Honning 2020 i kategorien Røsslyng-honning.
Terroir
Bigarden står stasjonært på eit einsidig lyngtrekk. På Sotra og øyane vest mot havet gjev det menneskeskapte lynglandskapet gode tilhøve for biene. Blandinga av nektar frå klokke-, purpur- og røsslyng gjev ein særs fin honning.
Mengde høstet og høstedato
600 Kg Høstet: 21 september 2020
Sensorisk analyse
Fin frisk duft av blomster, jord og bitre urter. Masse deilige syrlige skogsbærtoner i tillegg til krydder og treverk, litt melis i avslutningen. Klassikk røsslyng.